B2B
I samarbeid med Fjord Norge og visit Norway vert det jamleg sendt ut pressemeldingar, der Visit Hardangerfjord gjerne bidrar med innhald. I løpet av hausten 2020 har det kome mange gode, internasjonale resultat i forhold til dette arbeidet.
Spesielt tema som er knytt opp mot arkitektur / arkitektur & landskap vart plukka opp frå media i bokstaveleg talt heile verden. Både store og kjente, men også mindre kjente, spesialiserte media frå Canada og USA, til Sør-Afrika, India og Australia, og frå meir eller mindre heile Europa publiserte nyheita om den nye Vøringsfossen brua og om nye, heilt spesielle overnattingsplassar i Noreg – og her har dei nye tre topp hyttene i Odda, Woodnest, fått mykje merksemd. Også pressemeldinga om nye, spektakulære toalettanlegg langs Nasjonale Turistvegar, som vart sendt ut i samband med World-Toilett-Day, fant vegen inn i fleire internasjonale redaksjonar.
Her er eksempel me har fanga opp:
Omtaler Vøringsfossen bru
Floornature(internasjonal Design & Arkitektur magasin)
Omtaler spesielle overnattingsplasser – bl.a. Woodnest i Odda og Hardanger Panorama Lodge i Ulvik
Mountain Reporters (Nederland)
Eglobal Travel Media (Australia)
Omtaler spesielle toalett anlegg langs Nasjonale Turistveger
Pagtour (Frankrike)