B2C

Lanserer nytt tilbod

No kan du vera med på digitale annonser og kampanjar gjennom Visit Hardangerfjord.

Sjur Vågen
16.4.20

Lanserer nytt tilbod

No kan du vera med på digitale annonser og kampanjar gjennom Visit Hardangerfjord.

Visit Hardangerfjord har dei siste vekene jobba knallhardt med å få fleire nordmenn til å via turen til Hardanger i sommar. Dette har me gjort gjennom aktivt presse- og PR-arbeid, auka aktivitet på sosiale medier og målretta, digital annonsering. Dette har gjeve oss gode resultat, og me kjem til å halda fram med denne satsinga.

Visit Hardangerfjord har inngått ein avtale med dyktige Viva Media om oppsett, handtering og rapportering av annonser på sosiale medier. I den forbindelse har me også forhandla fram gunstige avtalar for medlemmene våre. Dette har me gjort for å gjera det enklare for dykk å byrja med denne typen annonsering.

Me forstår at det er ein krevjande situasjon for mange, men har du høve til å investera noko for å auka synlegheita ovanfor nordmenn, er dette ein utruleg bra måte å gjera det på.

Over 80 prosent av nordmenn har ein profil på sosiale medier. Nesten like mange brukar det kvar dag eller kvar veke, og spesielt no under korona-pandemien. Visit Hardangerfjord ser ein klar auke i engasjement og aktivitet på sosiale medier. Mange sit heima i inspirasjonsfasen og drøymer seg vekk, og det er desse me ynskjer å nå ut til. 

Trykk her for meir informasjon om annonsering på sosiale medier og dei ulike pakkane me har forhandla fram.

Last ned

Andre innlegg