B2C

Malverk gjev effekt på Instagram

Visit Hardangerfjord har fått på plass nye malar til innlegga på Instagram. Responsen er svært god.

Sjur Vågen
19.6.19

Malverk gjev effekt på Instagram

Visit Hardangerfjord er i ein digitaliseringsprosess der me i mykje større grad skal jobba med innhaldsproduksjon og sosiale medier. I den forbindelse har me fått designa opp nokre malar som me bruker på Instagram.

Les også: Startar med innhaldsproduksjon

Det er fleire grunnar til at me gjer dette.
På Instagram finst det utallige kontoar som er knytta til reiseliv. I tillegg er det uhorveleg mange som legg ut flotte naturbilete. Med så mange kontoar, er det svært vanskeleg å skilja seg ut i mengda og i "feeden" til dei forskjellige brukarane som per dags dato ikkje fylgjer oss. Difor har me fått på plass fylgjande mal: (det er meir tekst under bileta)

I tillegg til at biletet frå Trolltunga er av det spektakulære slaget, får me informasjonsteksten inn som eit bilete, ikkje som tekst under sjølve hovedbiletet. Dersom tekstane på Instagram vert for lange under hovudbiletet, må brukarane trykka "les meir". Dette er sjeldan at dei gjer utan at dei sjølv fylgjer kontoen frå før. Med å gjera det på vår "nye" måte, er det mykje høgare sannsynlegheit for at dei les teksten som høyrer til bileta. I tillegg brukar me logoelement, som igjen er med på å auka kjennskapen til Hardanger og profilen vår.
Det siste biletet er for å visa kvar dei ulike bileta og aktivitetane høyrer til. For oss som bur i Hardanger, er det opplagt kvar det meste ligg, men det er det ikkje for turistane. Difor ynskjer me å visa kvar i Hardanger dei ulike bileta er tatt / aktivitetane ligg, for så å visa avstandar til flyplassar, byar, andre aktivitetar, overnattingsstader, osv. Det er viktig å gjera det så lett som mogeleg for turistane å finna relevant informasjon om det dei ynskjer å gjera i Hardanger-regionen.
Det er svært få, om ingen, andre i Noreg som per dags dato gjer det på denne måten, og fram til no har me hatt god effekt av å bruka malverket. I tillegg til fleire gode attendemeldingar frå fylgjarar og aktørar knytt til reiseliv, har me hatt ei voldsom auke i antall fylgjarar på sosiale medier etter me tok i bruk denne malen. Bileta over vart re-posta / re-publisert av Visit Norway, og berre grunna det fekk me nesten 100 nye fylgjarar.
Visit Hardangerfjord har vorte re-posta av Visit Norway tidlegare. Også då fekk me nye fylgjarar, men langt på nær så mange som no.

Dette er berre ein av mange malar me kjem til å ta i bruk på Instagram. Nokre kjem til å visa andre aktivitetar i nærområdet, medan andre kjem til å visa tips til kvar ein kan overnatta / eta i området rundt der biletet er tatt.

Har du/de nokre gode bilete frå regionen, ynskjer me gjerne å få desse tilsendt enten påeller på Instagram. Alle fotografar vert sjølvsagt krediterte og merka på sjølve biletet.

Last ned

Andre innlegg