B2B

Norwegian Travel Workshop

Kan melde om stor interesse for Hardanger!

25.4.22

Norwegian Travel Workshop

4.-8. april kunne endeleg Innovasjon Norge arrangere Norwegian Travel workshop (NTW) som fysisk messe igjen, etter 3 år på digital plattform. Hendinga tok plass i Kristiansand og det var ca 600 deltakarar fordelt på kjøparar og seljarar.

Eg hadde to fullbooka dagar der eg hadde avtale med turoperatørar/incoming agentar frå heile europa, det var også nokre frå asiatiske land. Eg kan med glede melde om stor interesse for Hardanger. Det fyrste dei sa var "Høyrer det skjer spanande ting i Hardanger - fortel..." Det var ein fin inngangsportal for meg å starte lovprising av regionen vår.

Mange hadde fått med seg at det er stor siderproduksjon i området, dette kombinert med lokal mat meinte dei var ein spanande kombinasjon. Når dette kjem i tillegg til flott natur vert det noko som er unikt for Hardanger.

Under opninga av messa vart det kåra vinnar av Bedriftsuviklingsprisen, der Siderklynga var blandt 3 nominerte. Me var særs spente og kryssa fingrane for at det skulle gå heile vegen, det gjorde det riktig nok ikkje MEN konkurransen var beinhard og det er FLOTT at sider frå Hardanger kom så høgt opp i tevlinga og fekk god merksemd.

Eg håpar mange får kontakt med internasjonale turoperatørar - interessa var stor og folk flest er veldig klare for å reise i næraste framtid!

Last ned

Andre innlegg