B2B

Norwegian Travel Workshop (NTW) 2023

Det er NTW nr 50, som vart arrangert i Oslo i år av Innovasjon Norge

Hege Vedvik
30.1.25

NTW i Oslo 2023

Norwegian Travel Workshop (NTW) vart halden for 50 gong i år, og denne gongen i Oslo. Det var innhaldsrike dagar med mange gode møter med både incoming agentar og turoperatørar. Interessa for Hardanger var stor og spørsmåla var mange både når det gjeld aktivitetar/opplevingar, overnatting og attraksjonar. Det var også nokre som hadde spørsmål om vinterturisme og skuldersesong, det er veldig kjekt! Inntrykket mitt er at det rår optimisme i marknaden. Eg hadde møte med fleire frå USA, BeNeLux-landa, Spania og Frankrike.

Tusen takk til Fjord Norge som samlar oss i Fjord Norge "gata" med profilmateriell og andre ting. Me fekk sjølvsagt sider frå Hardanger ved ankomst.

‍

Frå Hardanger regionen stilte Fjordtind hotels, Hotel Ullensvang, Norsk Natursenter Hardanger, Hardanger og Voss museum, Trolltunga Active og Hardangerfjord Adventure og sjølvsagt Visit Hardangerfjord.

‍

Det var stort oppmøte på workshop'en og det var mykje folk i gangane heile tida, det er alltid kjekt å snakke og utveksle erfaringar med kolleger og å møte potensielle samarbeidspartnarar.

‍

Innovasjon Norge viste fram Oslo med samling på Henie Onstad senteret, Rådhuset, Nasjonalmuseet og på Latter, det var noko som skjedde heile tida:)

‍

‍

Last ned

Andre innlegg