B2B
Dette året gjekk NTW av stabelen i Lofoten - og Lofoten viste seg frå si beste side i strålande sol.
Frå 13. til 16. april 2026 var me i Svolvær i Lofoten for å delta på den største reiselivssamlinga i Norge. Der var 859 deltakarar derav 179 selgarar frå Norge, resten var kjøparar frå destinasjonar som Asia, Europa og USA. Hardanger stilte som vanleg sterkt og hadde fullbooka møtedagar, med bortimot 30 møter. Siste dagen var stemma som vanleg oppbrukt, men den viktigaste presentasjonen/formidlinga var gjort.


NTW er også ein viktig møtestad for bransjen, slik at me kan diskutere både utfordringar og gleder. Ein av dagane er me på ein arrangert middag med kolleger, og Lofoten fekk verkeleg vist fram både natur og kultur. Det har vore fisk på tallerken ei heil veke og det var i mange deilege variantar.

Interessa for Hardanger som destinasjon aukar kvart år og det er spanande å sjå kvar det fører oss. Det er viktig at me tar vare på og vernar om ressursane våre, slik me fekk tilbakemeldingar på i løpet av folkemøta me hadde i alle kommunane i løpet av hausten.
Det er alltid like kjekt å få fortelje om attraksjonar, aktivitetar og overnattingsmoglegheiter i Hardanger, me har eit breitt spekter å tilby frå våre allsidige medlemmer.

Dette året vart NTW rekordtidleg fullbooka, slik at det var mange frå Hardanger som ikkje fekk meldt seg på, men me var ein liten flokk alikevel.

Til neste år skal NTW være i Bergen og me gler oss allereie, då er me nesten på "heimebane". Me håpar og satsar på at det vert lagt nokre turar innover fjorden, og me håpar verkeleg at mange frå Hardanger melder seg på slik at me blir ei heil "Hardangergate" som vil bli lagt merke til. Hardangerfjord som destinasjon er veksande og det er ei sann glede å "formidle den glade bodskapen"
