B2B

Ny Hardangerfjord in a nutshell vinter visingstur gjennomført

Spanske og italienske turoperatørar testa vinteraktivitetar bl.a. i Hardanger.

20.2.20

Turoperatørar på vinter besøk

Tilsaman 9 turoperatørar frå Spania og Italia var på besøk i Fjord Norge frå 16.-20.februar. Ved sida av program i både Bergen og Stavanger fekk de testa Fjord Tours sin Hardangerfjord in a nutshell vinter tur samt tilhøyrande vinter-aktivitets-program i Eidfjord ein av dagane. Tross – eller akkurat på grunn av? – skikkeleg «GoViking vær» med mykje vind og nedbør var turen vellykka. Etter uteaktivitetar i snøen og bål-kos i lavvo ved Fossatromma vart dagen avslutta med god middag og overnatting i Eidfjord.  
Vi skal fylgja opp turoperatørane så godt me kan nå i etterkant av turen og håper sjølvsagt at også denne visingsturen gir resultat!

Last ned

Andre innlegg