B2C

Nye funksjonar på nettsida

Visit Hardangerfjord lanserer snart både nye funksjonar og annonsealternativ på heimesida vår.

Sjur Vågen
17.1.22

Nye funksjonar på nettsida

Observante sjeler har gjerne fått med seg at Hardangerfjord.com har vore gjennom store endringar det siste året, og 2022 er intet unntak. Snart vert fase 2 av den nye nettsida lansert. Då kjem det nye funksjonar som scrolling essay, temasider med inspirasjonsartiklar, tettare kopling mellom arrangement og reiseliv, oppdatert profil, og det berre for å nemna noko.

I tillegg til dette, kjem me til å rulla ut heilt nye annonse- og synlegheitsalternativ på nettsida. Dette er noko me har ønska oss lenge, og me ser fram til å kunna gje medlemsverksemder gode verktøy for å få auka synlegheit på Hardangerfjord.com. Talet vitjande på sida aukar stadig, noko som gjev deg gode moglegheiter for å nå ut til relevante målgrupper på ein kostnadseffektiv måte. I alle opplistingar ser de ei «hardanger-rose» og/eller «sponsa» oppe til høgre på dei omtalane som kjem fyrst. Dette er betalte plasseringar. For dei som ikkje kjøper seg større merksemd / synlegheit, får dei omtale som vanleg i opplistinga. Rekkefylgja er heilt tilfeldig og vert oppdatert kvar natt. Me kjem attende med meir informasjon!

I mellomtida nyttar me høvet til å anbefala dykk å sjå over omtalen dykkar på heimesida vår! I tillegg til våre eigne kanalar, får de svært god synlegheit på Visit Norway og Fjord Norway sine sider. Det at alle medlemmer i Visit Hardangerfjord får omtale på desse tre nettsidene, er utruleg bra og verdifult. For å nå ut til potensielle turistar, er dette tre nettsider som gjev svært god synlegheit mot tusenvis av konkrete turistar med genuin interesse for å besøka Hardanger-regionen. Ta dykk difor tid til å sjå over omtalen dykkar på Hardangerfjord.com. Er den mangelfull, treng nye bilete, osv, send det gjerne til oss!

Last ned

Andre innlegg