B2C

Nytt samarbeid med Paal Friele Grung

Paal Friele Grung har besøkt Hardanger igjen – med bra rekkevidde og stort engasjement på SoMe.

Sjur Vågen
5.9.25

Nytt samarbeid med Paal Friele Grung

Sist helg var den bergenske influensaren Paal Friele Grung tilbake på tur i Hardanger. Visit Hardangerfjord har samarbeida med Paal ved fleire høve, og denne gong hadde me fokus på Kinsarvik (Kinsarvik Fjordhotel, Gløyp Spiseri & Husedalen) og Jondal / Herand (Hardanger Fjordtun, Spar Jondal, Meieriet & Folgefonni Breførarlag).

Slike samarbeid gjev svært god synlegheit for enkeltaktørar og regionen som heilskap. Paal har solid rekkevidde i den regionale marknaden, og han formidlar reiselivet på ein engasjerande og truverdig måte - noko som gjer innhaldet hans både relevant og inspirerande.

Folgefonni Breførarlag har ved fleire høve hatt besøk av influensarar i samarbeid med Visit Hardangerfjord. Dagleg leiar Åsmund Bakke er tydeleg på verdien dette gjev:

– Me ser ei dobling av rekkevidda vår på sosiale medium. Synlegheita er veldig bra, og nokre gonger superbra.

– Visit Hardangerfjord gjer ein god jobb med å laga eit profesjonelt opplegg for oss. Det er ikkje “berre” å ta imot ein influenser. Det er ein stor jobb med å følga opp, laga ei god ramme og ikkje minst kvalitetssikra at dei ulike influensarane skjønar kva me og Hardanger-regionen handlar om. Då er det viktig at me har Visit Hardangerfjord som gjer denne jobben på vegne av næringa. Me stolar på deira vurderingar og jobbar kun med influensarane som kjem gjennom destinasjonsselskapet.

Turen med Paal kan skilta med mange visningar, høge lagringstal og godt engasjement - eit teikn på at innhaldet vert oppfatta som nyttig og inspirerande. Ta gjerne kontakt med oss dersom også de ynskjer å ta del i slike turar - enten med Paal eller andre.

Last ned

Andre innlegg