B2B

Oppsummering 2022 B2B

Me har hatt mykje besøk av incoming agentar, turoperatørar og pressefolk i løpet av året.

Hege Vedvik
21.12.22

Oppsummering B2B - 2022

I 2022 kunne me starte året med første visningstur etter koronarestriksjonane. Då kom 15 europeiske turoperatørar på besøk. Me overnatta på Hotel Ullensvang, fekk sidersmaking og omsising på hotellet i tillegg til spa-tilgang. På veg til Bergen stoppa me i Øystese så dei fekk omvising på Hardangerfjord Hotel, Hardangerbadet og Hardanger Akvasenter.

Eg var med på digital workshop både i februar og november – i november hadde eg møter med både franske og italienske turoperatørar.

4.-7. april starta NTW (Norwegian Travel Workshop) opp att i Kristiansand - etter korona. Det var god steming og fullbokka dagar med møter slik at me fekk spre det glade bodskap om alt det flotte me kan by på i Hardanger.

I starten av mai var det Kick-off i Bergen der reiselivsaktørane møtes for å informere kvarandre om kva som skjer i kvar region.

16. mai stod eg i bunad og serverte Avinor og forskjellige flyselskap blingsar og sider ved Steinsdalsfossen. Det var strålande sol og bløminga var på sitt finaste – Hardanger viste seg frå si beste side.

Årets turistkontormøte var på Folgefonnsenteret i Rosendal. Det er viktig å utveksle informasjon om kva som skjer hos kvar enkel aktør i sesongen som kjem

9. juni hadde me første presseturen for sesongen. Me fekk besøk av tyske pressefolk som fekk sjå Steinsdalsfossen, køyrde RIB til Ålvik, buss vidare til Ulvik der det var sidersmaking.

I starten av september hadde me eigen visningstur der me hadde besøk av 9 incoming agentar og turoperatørar frå skandinavia. På 4 dagar fekk me sjå mykje av Hardanger og dei fekk mange gode opplevingar. Været var strålande med opp mot 20 grader og sol – så det var då sommaren kom.

Veka etter fekk me besøk av 10 turoperatørar frå forskjellige stader i USA. Dei var veldig glade for å kunne reise over sjøen igjen og vart glade for å få smake sider, køyre RIB og få sjå norsk rein natur.

I oktober hadde me 2 presseturar rett etter kvarandre. Først kom det tyske pressefolk som var interessert i laks og oppdrett, lokal mat, sider og natur generelt. Den andre gruppa kom frå Skottland og frå store mediehus som The Times, The Herald, Sunday Post osb. Dei var heftig begeistra for Hardanger sjølv om naturen er ganske lik den skotske. Dei fekk oppleve kultur frå Hardanger og dei vart overraska over at sider er så stort hos oss, eg måtte ta dei med på polet før dei reiste heim så dei fekk kjøpe med seg edle varer. Me fekk flotte oppslag i både The Herald og Sunday Post i ettertid.

Me har store planar for 2023 og gler oss til det nye året.

Sjølv om kostnadane på det meste aukar og det framleis er krig i Europa må me være positive og sjå optimistisk på framtida. Me køyrer rett på med å delta på stor messe i Nederland i januar. NTW har 50 års jubileum og vert i Oslo i slutten av april. Håpar mange andre av dykk også har lyst å delta på denne. Til hausten har eg planar om å være med til USA på roadshow slik at me kan marknadsføre Hardanger til amerikanarane.

Last ned

Andre innlegg