B2C
Slik nådde me ut til millionar med aktivt presse- og PR-arbeid i 2024.
Gjennom 2024 har me jobba med ulike pressemeldingar for å skapa blest rundt ymse aktivitetar og hendingar i Hardanger - både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Døme på dette er ei internasjonal pressemelding om rekordbryllaup på Trolltunga, samt ei internasjonal pressemelding om Kygo si albumlansering på Trolltunga. Her fekk me gjennomført, med god hjelp frå Trolltunga AS, eit eksklusivt intervju med Kygo og korleis han vert inspirert av Hardanger-naturen.
Begge desse to blei plukka opp av ei rekke nasjonale og internasjonale medier. Berre pressemeldinga om Kygo nådde ut til millionar av potensielle turistar:
Men det er ikkje berre “aviser” som har plukka opp saker frå Hardanger. Visit Hardangerfjord har fleire gonger vore i dialog med TV 2 om å leggja ei sending frå God Morgen Norge til Hardanger. Det har vore enklare sagt enn gjort, men i haust vart me kontakta frå redaksjonen om at dei no ville koma til regionen vår. Visit Hardangerfjord bidrog med overnatting for redaksjonen, tips til kva dei burde dekka, bilete og klipp til direktesending og dialog med medlemsverksemder.
Dette førte til ei rekke gode innslag under sendinga til God Morgen Norge både 17. - 18. september. Blant anna:
3 liveinnslag frå Buer Restaurant og Nasjonalparkgården
3 minutt frå Utne Hotel
5 minutt frå Åkre Gard (Edel) med epleplukking og prat om tilbodet på garden
7 min frå Store Naa Siderkompani og Ola K. Kokk frå Ola K laga ei lokal delikatesse, medan Thomas Digervold og Eirik Nå Aga frå Store Naa snakka om siderdestinasjonen Hardanger.
Me var også delaktige i Tour of Norway, som vart sendt på same kanal. Her kjempa dei beste syklistane i verda kjempa mot kvarandre i vakre omgjevnader. To av etappane var innom Hardanger-regionen, og me i Visit Hardangerfjord bisto arrangørane med innhald frå regionen, info om ulike aktivitetar og attraksjonar som kommentatorane kunne løfta fram, blest på sosiale medium, o.l. Sjølve rittet fekk omfattande distribusjon i ei rekke medier, så her fekk Hardanger-regionen og fleire av medlemsverksemdene våre verkeleg god omtale!
Dette er berre nokre døme på kva me har gjort på presse- og PR-fronten i 2024. Dette arbeidet kjem til å vera eit viktig fokusområde for oss også i 2025.
Sit du på nokre gode historiar? Tips oss gjerne!