B2C

Pressemeldingar via NTB

Me har fått på plass ein avtale med NTB for distribusjon av pressemeldingar. Det har gjeve resultat.

Sjur Vågen
8.4.19

Pressemeldingar via NTB

Dei siste vekene har me fått på plass ein avtale som gjer at medlemmer i Visit Hardangerfjord får distribuert nyheiter via NTB sitt pressemeldingssystem. Dette har me gjort fordi me ser at fleire av medlemsbedriftene våre sit på saker som kan ha nyheitsverdi for ulike aviser. Så langt har me sendt ut totalt to pressemeldingar: "No kan du overnatta i dome på Trolltunga" for Trolltunga Active og "Her er det fleire meter snø" for Fonna Glacier Ski Resort.

Begge pressemeldingane kan skilta med gode resultat, og dei endte med å verta plukka opp av tosifra antall aviser - både trykk og web.
Me har også lukkast med å få oppslag på NRK P1 om at Trolltunga Active siktar mot ein rekordlang sesong i 2019.

Dette viser at det er fleire saker i Hardanger-regionen som har nyheitsverdi for både større og mindre aviser.

Ynskjer du å senda ut pressemelding via NTB-systemet, tek du kontakt med Sjur Vågen (sjur@hardangerfjord.com, 97 50 24 97). Visit Hardangerfjord tek då ei redaksjonell vurdering om saka/pressemeldinga oppfyller nyheitskriteria før utsending.
Øvst på sida her kan du også oppdatera deg om kva saker Visit Hardangerfjord sender via NTB-systemet.

Andre innlegg