Utvikling
For å kartleggje prognosane for sesongen 2026 gjennomførte me ei medlemsundersøking hjå våre medlemmer.
Av dei som har svara er det eit breitt spekter av verksemder, som.; overnatting hotel, overnatting camping/hytter, servering/restaurant/kafé, siderprodusenter, attraksjonar, aktivitet/opplevelse, transport og handel.

Ullensvang er ein stor kommune, så mange held til der, det same gjeld Kvam - alle kommunane er representert.
Når ein oppsummerer svara medlemmene har gitt er det framleis optimisme hjå dei aller fleste verksemdene. Over 45% av medlemmene har betre førehandsal/bookingar for sommaren 2026.

80% av verksemdene forventar at hausten vert betre, eller omtrent som i fjor.
På grafen som viser optimisme, kan me sjå at 60% er optimistiske for 2026 i si heilheit.
.jpg)
Me ser også at gjestene som kjem hovudsakleg kjem frå Europa og Norden, medan 16% kjem frå oversjøiske marknadar.
Når det gjeld kundesamansetning eller demografi er mykje likt som tidlegare år.
Utfordringar vil være å ha nok kvalifiserte tilsette, lønnskostnadar og ustabil økonomi i resten av verda.
Dei fleste ynskjer å utvide hovudsesongen til å gjelde utover hausten. Fleire merkar aukande interesse for Hardanger-regionen og ser fleire internasjonale besøkande.
