Utvikling

Kor store er utfordringane med arbeidskraft?

Mange verksemder slit med å få tak i folk. No kartlegg vi arbeidskraft og kompetanse i reiselivet i Hardanger.

Margit Lund-Mikkelson
23.3.26

Arbeidskraft i reiselivet i Hardanger

Reiselivsverksemdene i Hardanger står midt i ei utvikling der tilgang på folk og rett kompetanse blir stadig viktigare.

Mange opplever i dag:
– vanskeleg rekruttering
– ubesette stillingar
– stort press i høgsesong

Samtidig veit vi for lite om kor store utfordringane faktisk er, og kva som er dei viktigaste flaskehalsane.

Visit Hardangerfjord gjennomfører difor ei kort kartlegging av arbeidskraft og kompetanse i reiselivet i Hardanger.

👉 Undersøkinga tek berre 3–4 minutt å svare på
👉 Svara dine er viktige for å få eit realistisk bilete av situasjonen

Resultata vil bli presenterte under Hardanger Next og brukte i vidare arbeid med rekruttering og kompetanse i regionen.

🔗 Svar her: https://response.questback.com/trolltungaas/wmpwgkwspt

Vi håpar du vil ta deg tid til å svare. Alle svar er viktige for å få eit godt bilete av situasjonen.

Takk for innspel!

Last ned

Andre innlegg