B2C

Reiselyst gjennom kampanjar

Gjennom samarbeid og målretta kampanjar har me nådd ut til millionar og skapt reiselyst i alle årstider.

Sjur Vågen
16.12.25

Reiselyst gjennom kampanjar

Kampanjearbeidet til Visit Hardangerfjord handlar om meir enn synlegheit. Det handlar om å byggja merkevara og utvikla Hardanger som ein berekraftig destinasjon heile året, der alle delar av regionen får merksemd – også utanom dei travlaste sommarvekene.

Samarbeid som gjev gjennomslag

Visit Hardangerfjord jobbar tett saman med regionale, nasjonale og internasjonale partnarar som Visit Norway, Fjord Norway, Avinor og andre større aktørar for å sikra at Hardanger er synleg i rette kanalar, mot rette målgrupper og til rett tid. Gjennom desse samarbeida vert Hardanger løfta fram i fleire ulike kampanjar og kommunikasjonsløp, der rekkevidda og slagkrafta er vesentleg større enn det ein enkelt aktør kan oppnå åleine.

Ein viktig del av dette arbeidet er Visit Hardangerfjord sine bidrag i form av mellom anna innspel til konsept, historiar og produkt frå Hardanger. På den måten vert regionen presentert på ein måte som både inspirerer og informerer – og som speglar breidda i tilbodet.

Screenshot av landingssida frå haustkampanjen med Fjord Norway.

Kampanjar med fokus på skuldersesongane

I år, som tidlegare har, har skuldersesongane vore eit tydeleg satsingsområde i kampanjearbeidet. Vår- og haustkampanjar er særleg viktige for å spreia trafikken i regionen betre gjennom året, og Visit Hardangerfjord tok del i både vår- og haustkampanjane til Fjord Norway.

Erfaringane frå desse viser at årets kampanjar presterte betre enn tilsvarande kampanjar i 2024 – noko som tyder på at bodskapen traff målgruppene endå betre. Slike kampanjar er viktige for å visa fram Hardanger utanom høgsesongen, og for å løfta fram opplevingar som eignar seg spesielt godt på hausten og våren.

Screenshot av landingssida frå vårkampanjen med Fjord Norway.

Frå synlegheit til konkrete val

Eit sentralt prinsipp i kampanjearbeidet er å kombinera inspirasjon med praktisk informasjon. Kampanjane peikar ikkje berre på at Hardanger er ein attraktiv destinasjon. Turisten vert ikkje sendt inn på ei generell landingsside, men på nøye utforma sider med konkrete forslag til kva ein kan gjera, kvar ein kan bu og korleis ein kan leggja opp opphaldet.

Visit Hardangerfjord tek ansvar for utforming av landingssider, konseptutvikling og kampanjemateriell i samarbeid med partnarar og aktørar i regionen. Dette sikrar ei heilskapleg framstilling av Hardanger og gjer det enklare for turisten å ta faktiske val.

Resultata frå dei ulike kampanjane viser at denne tilnærminga til kampanjearbeid skapar resultat for Hardanger-regionen.

Visit Norway og Fjord Norway er også viktige samarbeidspartnarar når det kjem til utvikling av ulike kommunikasjonskonsept. Visit Hardangerfjord sender stadig over ulike innspel til konsept, historiar og produkt frå Hardanger, og gjennom dette får regionen og medlemsverksemdene våre omfattande synlegheit. Samla har desse kanalane mange tosifra millionar årlege besøk.

Marknadstenester for næringa

I tillegg til større nasjonale og internasjonale kampanjar, jobbar Visit Hardangerfjord kontinuerleg med marknadstenester retta direkte mot medlemsbedriftene våre. Stadig fleire ynskjer SoMe-annonser gjennom Visit Hardangerfjord, og det siste året har me satt i gang svært mange kampanjar saman med næringa. Her har me også produsert inspirerande landingssider / scrolling essay me sender trafikken inn på.

Sjå her for meir info om ulike annonsealternativ.

Kampanjane varierer veldig i storleik. Me har satt opp alt frå mindre kampanjar (10.000,-) der dei har eigne landingssider, til større kampanjar i hundretusenkroners-klassen der dei også kjøper lnspirerande landingssider på Hardangerfjord.com. Fellesnemnaren er at desse kampanjane er fordelaktige for alle involverte partar. Me har utvikla ein modell som treff målgruppene til medlemsverksemdene våre, slik at dei får rett gjest til rett tid på ein kostnadseffektiv måte. Ein viktig del av dette arbeidet er å utvikla konsept og setja saman ulike produktpakkar, slik at turisten får oppleva eit samla tilbod i Hardanger-regionen i staden for fleire enkeltståande produkt. Eit sentralt verktøy i dette arbeidet er scrolling essay-landingssider, som kombinerer inspirasjon og informasjon på ein god måte. Erfaring viser at desse landingssidene presterer svært bra med 2-3 minutt lesetid, noko som er langt over bransjestandard.

Sterke resultat gjennom Schibsted

I tillegg til kampanjar på vegner av næringa, jobbar Visit Hardangerfjord også aktivt med eigne kampanjar retta mot ulike målgrupper. Eit godt døme på dette er Schibsted-kampanjen me køyrde mot den regionale marknaden våren 2025, med mål om å skapa reiselyst og auka interesse for Hardanger.

Kampanjen presterte svært godt – og faktisk betydeleg over Schibsted sine eigne estimat. I kampanjerapporten trekkjer Schibsted fram høg klikkrate frå front, solid lesetid og god vidare klikk ut av saka. Dette tyder på at innhaldet traff målgruppene godt og skapte godt engasjement.

I dette tilfellet leverte Visit Hardangerfjord både brief og innhald, som vart publisert og distribuert i Schibsted sine kanalar – mellom anna VG og Bergens Tidende. Erfaringane frå kampanjen stadfestar at redaksjonelt tilpassa innhald, kombinert med tydeleg bodskap og rett distribusjon, er eit effektivt verkemiddel for å skapa merksemd og interesse for Hardanger.

Eit langsiktig arbeid for heile regionen

Dette er berre nokre av mange døme på kampanjar me har tatt del i det siste året. Kampanjearbeidet til Visit Hardangerfjord er ein del av eit langsiktig utviklingsløp. Gjennom tett samarbeid med partnarar og næring, jobbar me for å byggja Hardanger som ein berekraftig destinasjon med aktivitet og verdiskaping gjennom heile året.

Last ned

Andre innlegg