B2C
Visit Hardangerfjord jobbar kontinuerleg med å utvikla nye løysingar som styrkjer både synlegheit, verdi & effektivitet.
Visit Hardangerfjord jobbar kontinuerleg med å utvikla nye løysingar som styrkjer både synlegheit, verdi og effektivitet. I 2025 har fleire viktige utviklingsprosjekt teke form - med klare fordelar for både medlemmene og regionen som heilskap. Her kan du lesa meir om nokre døme på utviklingsprosjekt me har leia og/eller vore involvert i det siste året:
Hardangerfjord.com er i stadig utvikling, og i løpet av 2025 har me gjennomført ei rekkje tiltak som styrkjer både brukaropplevinga og verdien for medlemmene. Mykje av dette er lite synleg i kvardagen, men heilt avgjerande for kor godt nettsida fungerer som planleggingsverktøy for turisten.
Blant tiltaka er justeringar som gjev betalande medlemmer betre synlegheit i opplistingssider på kommunesidene, samstundes som breidda i tilbodet vert teken vare på. Framsida har også vorte meir dynamisk, mellom anna gjennom ein ny Instagram-modul som gjer det enklare å løfta fram aktuelt og visuelt innhald frå regionen.

I 2025 tok Visit Hardangerfjord i bruk Mapheim som ny kartløysing på Hardangerfjord.com. Dette gjev oss langt fleire moglegheiter enn tidlegare kartløysingar, og opnar for ei heilt ny måte å bruka kart som verktøy for både inspirasjon og planlegging.
Dei tidlegare Google-karta var veldig statiske, og dei er no erstatta av Mapheim-kart. Me har også fått tilgang til ein eigen kart-editor, som gjer det mogleg å laga inspirerande, informative og interaktive kart – automatisk synkroniserte med DMS-databasen vår.

Dette betyr at karta ikkje berre viser kvar noko er, men også kan brukast aktivt til å:
Moglegheitene er mange – til dømes kart som viser utsiktspunkt langs Vøringsfossen, stopp langs Nasjonale Turistvegar, eller praktiske stopp og fotopunkt på veg til Trolltunga. Dersom karta vert brukte til navigasjon, er dei også kopla saman med Google Maps, slik at turisten slepp å lasta ned nye appar. Alt er intuitivt og enkelt i bruk.
Eit anna viktig utviklingsprosjekt i 2025 er løysinga som gjer at Trolltunga.com no hentar innhald direkte frå Hardangerfjord.com. Gjennom denne feeden vert overnattingar, aktivitetar, attraksjonar og serveringsstader automatisk synlege på Trolltunga.com.
Dette er ei løysing som gjev store fordelar:
Det er viktig å understreka at det kun er medlemmer i Visit Hardangerfjord som vert viste gjennom denne løysinga. Dermed forsterkar feeden verdien av medlemskapet, samstundes som medlemmene får synlegheit mot eit stort og relevant publikum – utan ekstra kostnad.
Denne typen løysing er ikkje avgrensa til Trolltunga.com. Ho kan også nyttast av andre aktørar som ønskjer å visa aktivitetar, attraksjonar, arrangement eller anna relevant innhald frå Hardangerfjord.com på eigne nettsider. Aktørar som er interesserte i dette, kan ta kontakt med Sjur for meir informasjon.

I 2025 har Visit Hardangerfjord også jobba med å utvikla nye tenester som skal gjera kvardagen enklare for medlemmene. Mellom anna har me hatt eit pilotprosjekt der utvalde medlemmer har fått eigen innlogging til databasen vår, slik at dei sjølve kan oppdatera omtalane sine direkte i systemet. Erfaringane frå pilotane har vore svært gode, og løysinga vil etter kvart verta rulla ut til fleire.
I tillegg har me teke i bruk nye verktøy for å effektivisera produksjon og vedlikehald av innhald på nettsidene. Gjennom bruk av eigne AI-modellar kan me jobba raskare og meir konsistent, samstundes som språk, struktur og kvalitet vert ivaretekne.
Visit Hardangerfjord jobbar også med ei ny bransjeside som skal verta eit langt betre verktøy enn den me har i dag. Målet er å gjera det enklare for medlemmene å få oversikt over kva me jobbar med og korleis dei kan nytta seg av dei mange ulike tilboda og tenestene våre.
Den nye bransjesida vil mellom anna innehalda:
Dette vil gje betre informasjonsflyt, meir openheit og frigjera tid – både for medlemmene og for Visit Hardangerfjord. Målet er å lansera denne i løpet av fyrste kvartal 2026.
Utviklingsarbeidet har hatt eitt felles mål: å skapa betre verktøy, meir samspel og større verdi for medlemmene våre. Med nye løysingar på plass, og fleire på veg, står Visit Hardangerfjord godt rusta til å møta framtida – i tett samarbeid med næringa og kommunane i Hardanger.