B2C

Solide resultat på SoMe

Visit Hardangerfjord har nådd ut til millionar av reiselystne turistar gjennom kreativt og aktivt SoMe-arbeid.

Irene Schrøder
18.12.25

Solide resultat på SoMe

Viktigheita av sosiale medium aukar i takt med åra, og det er utan tvil blant dei viktigaste kanalane for å nå ut til individuelle reisande. I 2025 har Visit Hardangerfjord jobba systematisk med å byggja merkevare, skapa reiselyst og gjera vegen frå inspirasjon til konkret planlegging så kort som mogleg.

I feeden til millionar

Samla sett har Visit Hardangerfjord hatt mange tosifra millionar visningar på tvers av Instagram og Facebook. Resultata er spesielt gode i periodar med kampanjar og samarbeidspostar med medlemmer og partnarar, noko som stadfestar verdien av godt innhald og tydelege samarbeid. Dette viser at jamn aktivitet og kvalitetsinnhald framleis gjev effekt - både nasjonalt og internasjonalt.

Nokre innlegg har utmerka seg spesielt i 2025, både når det kjem til rekkevidde, engasjement og historieforteljing. Våre tre mest populære Instagram-postar i 2025 er gode døme på korleis godt SoMe-innhald både skapar engasjement og byggjer merkevare.

Bryllaup på Trolltunga nådde breitt då Visit Hardangerfjord var raskt på ballen med eigen fotograf og publisering same dag. I samarbeid med Visit Norway fekk innlegget stor distribusjon og synte verdien av god timing og relevant innhald. Også bunads-innlegget vårt i vår vekte stort engasjement. Her vart bunad, UNESCO-tradisjonar, identitet og natur samla i éi forteljing, utvikla og produsert av Visit Hardangerfjord i samarbeid med Visit Norway og Hardanger og Voss Museum.

Slike innlegg byggjer reiselyst og styrkjer merkevara Hardanger – men målet er å konkretisera engasjementet på SoMe til faktiske klikk og bestillingar. Eit godt døme på dette er innlegget me laga rundt Iris, der Visit Hardangerfjord kombinerte innhaldsproduksjon, eige SoMe-innlegg med ein dedikert scrollytelling-artikkel på Hardangerfjord.com og collab med Visit Norway. Dette gav brei nasjonal og internasjonal distribusjon, og gjorde vegen frå inspirasjon til meir informasjon både kort og intuitiv.

Gjennom smart bruk av link-in-bio gjer me det enkelt å gå frå SoMe til web, og trafikktala viser tydeleg at ein betydeleg del av trafikken til Hardangerfjord.com kjem direkte frå sosiale medium. Dette viser korleis samspel mellom SoMe og web skapar både reiselyst og konkret verdi for medlemmene.

Samarbeid og influencar-turar

I 2025 har Visit Hardangerfjord også gjennomført fleire målretta samarbeid med fotografar og influencarar, mellom anna Explore With Johan og Paal Friele Grung. Slike samarbeid gjev god synlegheit for både enkeltaktørar og regionen som heilskap.

Desse turane er alltid tett følgde opp og kvalitetssikra av Visit Hardangerfjord, og det gjer at me ofte får truverdig og relevant innhald som engasjerer i retur – samstundes som det kan nyttast vidare i våre eigne og partnarane våre sine kanalar.

– Me ser ei dobling av rekkevidda vår på sosiale medium. Synlegheita er veldig bra, og nokre gonger superbra. Visit Hardangerfjord gjer ein god jobb med å laga eit profesjonelt opplegg for oss. Det er ikkje “berre” å ta imot ein influenser. Det er ein stor jobb med å følga opp, laga ei god ramme og ikkje minst kvalitetssikra at dei ulike influensarane skjønar kva me og Hardanger-regionen handlar om, sa Åsmund Bakke, dagleg leiar i Folgefonni Breførarlag, om dei ulike influenser-samarbeida han har tatt del i gjennom Visit Hardangerfjord.

Ein viktig del av heilskapen

Gjennom kreativ historieforteljing, jamn tilstadevering og tett samspel mellom sosiale medium, web og samarbeidspartnarar, har SoMe også i 2025 vore ein viktig kanal for å skapa reiselyst og verdi for Hardanger.

Last ned

Andre innlegg