B2C

Eit sterkt digitalt år for Hardanger

Milliontrafikk, høg kvalitet og tydeleg verdi for næringa – slik utvikla Hardangerfjord.com seg i 2025.

Sjur Vågen
16.12.25

Eit sterkt digitalt år for Hardanger

Trass store endringar i det digitale landskapet held Hardangerfjord.com fram med å levera sterke resultat. I ei tid der mange opplever nedgang i trafikk, ser me at målretta arbeid med kvalitet, struktur og relevans gjev effekt - både for turistane og for næringa.

Milliontrafikk også i 2025

Hardangerfjord.com nærmar seg igjen milliontrafikk i 2025. Me ligg no i underkant av éin prosent framfor fjorårets rekordår, då me for andre gong passerte éin million treff på nettsida. Med fleire planlagde kampanjar og annonser mot slutten av året, reknar me med å bikka millionen også i år.

Isolert sett kunne ein ønskja seg høgare vekst, men sett i samanheng med utviklinga i bransjen er dette resultat me er svært nøgde med. Svært mange opplever nemleg ein trafikknedgang som følgje av mellom anna endra brukarmønster og auka bruk av AI-tenester. Me er difor svært nøgde med å halda eit stabilt og noko veksande nivå.

For oss er dette eit teikn på at Hardangerfjord.com held seg relevant og nyttig for dei som faktisk planlegg reise til regionen.

Færre tilfeldige klikk – meir engasjerte brukarar

Sjølv om talet på aktive brukarar har gått noko ned samanlikna med i fjor, ser me ei tydeleg positiv utvikling i kvaliteten på besøka. Brukarane som finn vegen til Hardangerfjord.com brukar meir tid på sida og klikkar seg gjennom fleire undersider enn tidlegare.

Dette indikerer at innhaldet i større grad treffer dei som faktisk planlegg tur, og ikkje berre dei som er tilfeldig innom. For oss er dette eit viktig teikn på at nettsida i aukande grad fungerer som eit planleggingsverktøy - ikkje berre ei inspirasjonsflate.

Døme på inspirasjonsartikkel / scrolling essay med Tyssedal Hotel & Trolltunga Adventures.

Meir handling – meir verdi for medlemmene

Talet  aktive hendingar på sida ligg på eit svært høgt nivå. Desse hendingane omfattar mellom anna klikk vidare til medlemsbedrifter sine nettsider, bookingsider, kontaktinformasjon og relaterte omtalar.

Dette er tal me legg stor vekt på, fordi dei seier noko om kva Hardangerfjord.com faktisk gjer: ho sender potensielle gjester vidare til næringa og medlemmene våre. Når turisten klikkar seg vidare, tek kontakt eller går til booking, har nettsida fylt rolla si som bindeledd mellom inspirasjon og kjøp.

Innhald som treff – frå ikoniske turar til kommersielle tilbod

Blant dei mest besøkte sidene på Hardangerfjord.com i 2025 finn me ei god blanding av opplistingssider for aktivitetar og overnatting, ikoniske attraksjonar som Trolltunga, Vøringsfossen, Bondhusvatnet og Dronningstien, samt kommersielle produkt og opplevingar.

Dette viser at turistane både søkjer inspirasjon, praktisk informasjon og konkrete tilbod – og at nettsida klarer å samla dette på éin stad.

Sterk internasjonal interesse

Noreg er framleis den største marknaden for Hardangerfjord.com, men interessa frå utlandet er tydeleg. Tyskland er den største utanlandsmarknaden, tett følgt av Storbritannia, som har hatt ein markant vekst i 2025. Også marknader som USA, Nederland, Frankrike og Sveits er godt representerte.

Dette stadfestar at Hardanger framleis har ein sterk posisjon internasjonalt, og at innhaldet på Hardangerfjord.com når ut til dei marknadene regionen ønskjer å tiltrekka seg.

Langsiktig arbeid gjev resultat

Utviklinga av Hardangerfjord.com er eit langsiktig arbeid. Me jobbar kontinuerleg med struktur, synlegheit for medlemmene, hastigheit, kartløysingar og innhald – ofte med tiltak som er usynlege for brukaren, men avgjerande for opplevinga.

Dei som er interesserte, kan lesa meir om konkrete utviklingsprosjekt på web her.

Resultata i 2025 viser at dette arbeidet gjev effekt. I ei tid med store endringar i korleis folk søkjer informasjon og planlegg reiser, opplever me at Hardangerfjord.com står støtt – som eit viktig verktøy for både turistar, medlemsbedrifter og lokalsamfunn i heile Hardanger.

Last ned

Andre innlegg