Reiselivsstrategi

Vil du vere med å forme framtidas Hardanger?

Vi samlar innspel frå både innbyggarar og næring, og set pris på om du vil dele dine tankar om utviklinga av Hardanger.

Margit Lund-Mikkelson
23.12.25

Del dine innspel om Hardanger!

Del di meining i juleferien!

Dei opne folkemøta er no avslutta, men det er framleis mogleg for innbyggarar å kome med innspel gjennom ei digital undersøking.

I tillegg inviterer vi reiselivsnæringa til å dele sine perspektiv gjennom ei eiga undersøking.

For deg som bur i Hardanger:

Innbyggarundersøking

Kva fungerer godt – og kva er krevjande i dag?

Korleis påverkar reiselivet kvardagen din?

Kva bør vi ta vare på framover?

👉Del dine innspel her!

For deg som jobbar med reiseliv

Bransjeundersøking

Kva moglegheiter og utfordringar ser du?

Kva skal til for ei meir lønsam og berekraftig utvikling?

Kva bør vere felles prioriteringar for reiselivet i Hardanger framover?

👉Del dine innspel her!

Bruk nokre minutt i juleferien til å dele det som betyr noko for deg. Dine innspel er med og formar ei god retning for Hardanger framover.

Ynskjer alle ei fredfull juletid!

Last ned

Andre innlegg