B2C
Innhaldsproduksjon er ein kritisk del av strategien vår for å synleggjera Hardanger – både for turistar og næringa.
I 2025 har Visit Hardangerfjord satsa stort på innhald. Me har gjennomført rundt 50 produksjonsrundar i heile Hardanger, og produserte tusenvis av bilete og hundrevis av videoar som vert brukt i marknadsføring, kampanjar og synleggjering – både nasjonalt og internasjonalt. Produksjonane har variert frå korte dagsoppdrag til større prosjekt over fleire dagar, og har resultert i tusenvis av bilete og hundrevis av videoar.
Når me snakkar om innhald – eller content – meiner me foto, video, tekst og konsept som viser fram regionen og opplevingane våre. Dette er grunnlaget for alt frå reels på Instagram til artiklar på Hardangerfjord.com og større kampanjar i samarbeid med Visit Norway og Fjord Norway.
Utan relevant og godt innhald har me rett og slett ingenting å visa fram.
Innhald er ikkje berre inspirasjon – det er tilgjenge. I dagens digitale kvardag må du vera i lommen til folk – bokstaveleg talt - og om du ikkje er synleg på skjermen, finst du ikkje.
Difor investerer Visit Hardangerfjord nærmare 1 million kroner årleg i innhaldsproduksjon. Hadde me kjøpt tilsvarande volum frå eit reklamebyrå, ville prislappen vore mange gonger høgare.
Innhaldsproduksjon er meir enn å berre trykkja på ein utløysar. Bak kvart bilete og kvar video ligg mykje arbeid:

Kreativitet og samarbeid har prega innhaldsarbeidet i 2025. Visit Hardangerfjord har jobba tett saman med fleire ulike innhaldsprodusentar, med ulike uttrykk, format og styrkar - alt etter behov og bodskap.
Johan Haugsrud, betre kjend som Explore With Johan, har levert engasjerande og lett tilgjengeleg innhald med høg rekkevidde, særleg innan korte videoformat og reels. Paal Grung har bidrege med lokalt forankra innhald retta mot den norske marknaden og Vestlandet, også her med sterke resultat i videoformat.
Samtidig har Visit Hardangerfjord bevisst prøvd ut nye samarbeid. Eit døme er samarbeidet med Ellen Homstad, der me både testa hennar eigne konsept og vidareutvikla Visit Hardangerfjord sine etablerte forteljingar, mellom anna knytt til UNESCO og bunad. Dette samarbeidet gav innhald som kunne brukast på tvers av kanalar – frå sosiale medium og nettside til trykksaker, kampanjar og samarbeid med eksterne partnarar.

I 2025 har me samarbeidd tett med fleire dyktige innhaldsprodusentar. Fotograf Yrjan Olsnes er fast tilsett i Visit Hardangerfjord, og har vore sentral i det løpande arbeidet og sørger for kontinuitet, lokal forankring og høg produksjonskapasitet. Her er også Irene Schrøder, ansvarleg for sosiale medier, ein bidragsyter - som regel som fotograf på mindre arrangement og hendingar rundt om i regionen.
I tillegg har me engasjert fleire frilansfotografar og spesialister til ulike prosjekt - alt etter tematikk, uttrykk og målgruppe. Til saman utgjer dette eit sterkt og samansett team med ulike blikk, styrkar og fagkompetanse – noko som gjer oss i stand til å produsera relevant, truverdig og variert innhald som speglar både breidda og kvaliteten i Hardanger.

Innhaldsproduksjonen i 2025 har ikkje vore isolerte enkeltprosjekt, men bygging av ein solid og langsiktig innhaldsbase. Foto og video vert nytta aktivt i Visit Hardangerfjord sine eigne kanalar, som sosiale medium og Hardangerfjord.com, men også i trykksaker, kampanjar og presentasjonar.

Innhaldet vert òg hyppig brukt av media frå inn- og utland, samt av større samarbeidspartnarar. Gjennom året har Visit Hardangerfjord vore med mangfaldige kampanjar - gjerne i samarbeid med Fjord Norway og Visit Norway - der innhaldet frå Hardanger i mange tilfelle får stor synlegheit. Det er langt frå tilfeldig: kvalitetsinnhald med sterk visuell identitet vert oftare valt, delt og brukt vidare.
Les meir om kampanjearbeidet vårt her.
Eit viktig prinsipp i arbeidet er å henta innhald frå heile regionen og i alle årstider. Dette gjev eit meir truverdig og mangfaldig bilete av Hardanger, og gjer oss i stand til å visa fram både kjende og mindre kjende stader, aktivitetar, vertskap og opplevingar – gjennom heile året.
Godt innhald er ein føresetnad for effektiv marknadsføring av reiselivet. Gjennom høg eigenproduksjon, kombinert med innleigde ressursar og strategiske samarbeid, har Visit Hardangerfjord bygd opp eit omfattande og profesjonelt innhaldsbibliotek.
Dette styrkjer synlegheita til regionen, gjer oss meir attraktive som samarbeidspartnar og legg eit viktig grunnlag for vidare merkevarebygging av Hardanger - både nasjonalt og internasjonalt. Og best av alt: me gjer det stort sett sjølve – saman med dyktige samarbeidspartnarar og eit engasjert næringsliv.