Intern
Hardanger set rekord i 2024 med 8 % vekst, som gjer regionen til den sterkast veksande på Vestlandet.
Hardanger-regionen har igjen styrkt sin posisjon som ei av Noregs mest dynamiske reiselivsregionar. Med ein imponerande vekst på 8 % frå januar til oktober 2024 har regionen registrert nærmare 700 000 kommersielle overnattingar. Dette er samanlikna med same periode i 2023, som også var ein sterk rekordperiode. Når ein inkluderer estimat for delingsplattformer som Airbnb, er det totale talet venta å passere 1 million overnattingar i løpet av året.
Hardanger er med dette den regionen på Vestlandet med den sterkaste prosentvise veksten i kommersielle gjestedøgn for 2024. Veksten er bemerkelsesverdig i nasjonal samanheng og understrekar Hardanger si evne til å tiltrekkje seg stadig fleire besøkande gjennom målretta marknadsføring og regionen sine unike ikoner og sterke reiselivsprodukt.
Hovudtrekk i trafikkutviklinga
Fordeling av overnattingar: Hotellsegmentet står for ca 42 %, medan hytter og campingplassar dominerer med ca 58 %.
Norske og utanlandske turistar: Utanlandske gjester utgjer ca 47 % av dei kommersielle overnattingane, men andelen stig til ca 60 % når delingsplattformer er inkludert.
Hovudmarknader: Noreg, Tyskland og Nederland toppar lista, medan USA og Kina viser sterk vekst blant oversjøiske marknader. Generelt er det sterk auke frå den europeiske marknaden.
Auka verdiskaping: Bransjen genererer no over 1,5 milliardar kroner og sysselset meir enn 1500personar, ifølgje oppdaterte estimat.
Airbnb og delingsøkonomien: Ein vekstdrivar i Hardanger
Delingsplattformer som Airbnb spelar ei stadig større rolle i reiselivet i Hardanger. Utviklinga er krevjande å spore nøyaktig, men estimat basert på "webscraping" og andre data viser at det utgjer 20–25 % av dei totale kommersielle overnattingane i regionen.
Vekstområde: Odda og Eidfjord er framståande "hotspots" for Airbnb-overnattingar, med sterk etterspurnad på grunn av attraksjonar som Trolltunga og Vøringsfossen.
Med ein aukande andel internasjonale turistar i Airbnb-segmentet, er det venta at denne trenden vil halde fram også i 2025.
Tilbakeblikk på Norgesturistane i 2023
Innovasjon Noreg si Turistundersøking frå 2023 gir eit viktig bakteppe for å forstå kva som motiverer turistane, og mykje av dette er framleis aktuelt i 2024 medan vi ventar på nye data:
Naturopplevingar i sentrum: Noreg er kjend for spektakulær natur, og Hardanger er blant dei mest populære destinasjonane. Over 90 % av turistane som besøker Hardanger oppgir dei naturgitte attraksjonane som hovudårsak for besøket til regionen. Dette understrekar behovet for ei berekraftig utvikling og koordinert reiselivsstrategi i Hardanger-regionen.
Autentisitet og berekraft: Gjester ønskjer reiser som er både berekraftige og prega av autentiske opplevingar. Dette er ein styrke for Hardanger, som har stadig fleire sterke reiselivsprodukt innan sider-, mat- og kulturtilbod.
Høg tilfredsheit: Vestlandet, inkludert Hardanger, skårar høgt på kundetilfredsheit, noko som styrker regionen si konkurranseevne.
Digitalisering: Auka bruk av digitale løysingar for planlegging og booking pregar korleis turistar organiserer reisene sine. Individuelle reiser dominerer, noko som opnar for meir fleksible og personlege opplevingar.
Benchmarking mot tidlegare år og framtidsutsikter
Hardanger har opplevd stabil vekst i fleire år, og 2024 har overgått forventningane:
Totalen for 2024 er venta å vere 8 % høgare enn året før, med sterk vekst i både camping og hytter.
Hardanger har hatt ein 20 % auke i norske turistar samanlikna med 2019, noko som vitnar om ein veksande base av lojale innanlandske besøkande etter covid-pandemien.
Vekst og moglegheiter
Prognosar peiker på ein årleg vekst på 2–4 % fram mot 2030, med særleg potensial innan high-end-segmentet og aukande etterspurnad spesielt frå asiatiske og europeiske marknader. Vidare satsing på berekraft, produktutvikling og innovasjon vil vere avgjerande for å sikre langsiktig suksess – særleg heilårsturisme vil vere ein tydeleg milepåle for regionen.
Hardanger er godt posisjonert som ei leiande reiselivsregion, men vidare vekst krev tilrettelegging for å utnytte potensialet fullt ut. Regionen bør vere i forkant med utvikling av produkt og konsept som appellerer til målgrupper utanfor høgsesong. Dette, kombinert med styrka samarbeid mellom aktørar og målretta marknadsføring, vil gjere det mogleg å tiltrekkje nye gjester samtidig som ein aukar lokal verdiskaping per besøkande.
Ved å fokusere på ånå nye marknader i lågsesong og vidare bygge opp Hardanger som ein sterk merkevare, kan regionen sikre både berekraftig vekst og høgare lønsemd. Strategisk utvikling no vil leggje grunnlaget for framtidig suksess.