B2B

Vellukka sesongstart-samling i Jondal

04. juni møttes turistkontora og reiselivs-verksemder i Hardanger til kick off-møte på Juklafjord i Jondal.

Sjur Vågen
5.6.19

Vellukka sesongstart-samling

Tradisjonen tru skipa Visit Hardangerfjord ei sesongstarts-samling for turistkontora og reiselivs-verksemder i regionen. Det årlege møtet pleier å verta arrangert på forskjellige stader, og i år var det Juklafjord i Jondal sin tur.

Visit Hardangerfjord sparka det heile i gang med ei oppdatering om reiselivet i Hardanger og planar for sommaren. Resten av programmet gjekk til presentasjonar frå ulike turistkontor og verksemder der dei presenterte seg sjølve og tilboda deira.  

Nesten 50 personar møtte opp og sørga for eit framifrå avspark for ein super reiselivssommar i Hardanger.  

Dagen vart runda av med omvising hjå Hardanger House, det nye hotellet i Jondal som opnar dørene om nokre veker. Visit Hardangerfjord har stor tru på denne satsinga og ser fram til opninga.

Tusen takk til alle som deltok, og ikkje minst Juklafjord og Hardanger House for at dei tok i mot oss!

Last ned

Andre innlegg