B2C
Me har hatt besøk av American Cider Association og siderinfluencarar frå Bretagne i Frankrike.
Tidleg i august fekk me besøk av representant frå American Cider Association og siderinfluencarar frå Bretagne i Frankrike. Dei fekk besøke Alde, Store Nå Siderkompani og Aga Sideri, dei overnatta på Utne Hotel før dei skulle til Bergen og delta på Bergen Bobler.
Dei syns det var særs interessant å høyre om korleis ein produserer sider i Hardanger, og dei fekk smake på dei edle dråpane. Jennie frå USA fann ein del likhetstrekk med siderproduksjonen i Portland, medan damene frå Frankrike sa at det ikkje går an å samanlikne sider frå Bretagne og sider frå Hardanger. Det er to heilt forskjellige produkt, produksjonsmåten er også annleis.
Dei likte særs godt å overnatte på sjarmerande Utne Hotel, og fekk høyre om historia til hotellet og dei sterke kvinnene som har drevet hotellet gjennom tidene. Dei fekk også servert 5 retters middag som var nydeleg. Jennie frå USA og American Cider Association er opptatt av å setje sider saman med matrettar, så ho var ekstra interessert i siderpakken som vart servert til middagen.
Dagen etter fekk dei besøke Agatunet, der det var bakst av krotakaker. Dette meinte dei var spanande, og dei hadde ikkje høyrt om denne formen for gjærbakst. Det var kunstutstilling av samtidskunstnaren Lars Korff Lofthus frå Lofthus. Kunsten hans gjer innblikk i store følelsar som oppturar, nedturar, ubehag og komikk. Etter besøket på Agatunet gjekk dei over vegen til Aga Sideri, der dei fekk omvising og fekk innføring i produksjon.
Dei reiste tilbake til Bergen med lomma full av inntrykk og ny lærdom om kultur og sider.