B2C
Ei rykande fersk utgåve av Hardangerfjord Guide nærmar seg med stormskritt.
Visit Hardangerfjord, i samarbeid med Eirik Kvarv frå Glynt, gjer i desse dagar siste finpuss på årets brosjyrar før dei går i trykken.
Det har vore to krevjande år for reiselivsnæringa, men me ser verdien av samhald og kor viktig det er å marknadsføra regionen som reisemål i fellesskap. Sjølv med færre utanlandske turistar, har Hardangerfjord Guide vore eit populært hjelpemiddel dei siste åra. Interessa for å feriera i regionen vår er veldig stor, og det gjer behovet for gode trykksaker endå større.
Alle medlemsbedrifter i Visit Hardangerfjord vil i løpet av våren få tilsendt eit skjema der dei kan leggja inn bestillingar på guiden. Når dette er på plass, byrjar me distribusjonen i regionen. I tillegg kjem me til å ha omfattande distribusjon av trykksaka via partnarar, relevante knytepunkt og lignande. Det har allereie byrja å koma inn bestillingar, og me ser ein stor etterspurnad etter informasjon om ulike aktivitetar, attraksjonar, overnattingar, osv, i regionen.
I tillegg til HFG2022, vil me halda fram med Hardanger-kartet som vart gjeve ut i fjor. Me kjem tilbake til dykk med annonseprisar, fristar og lignande om ikkje lenge.