B2C

Velfungerande trykksaker

Hardangerfjord Guide og Hardanger Ferietips er framleis blant dei mest brukte verktøya blant turistane.

Sjur Vågen
16.12.25

Velfungerande og populære trykksaker

I ei tid der mykje av marknadsføringa skjer digitalt, held trykksakene til Visit Hardangerfjord fram med å vera eit av dei mest brukte og etterspurde verktøya blant turistane som enten er i eller skal til regionen. Hardangerfjord Guide og Hardanger Ferietips speler framleis ei viktig rolle i arbeidet med å binda regionen saman, informera om breidda i tilbodet og styra ferdsla i regionen.

Stor etterspurnad over heile landet

Hardangerfjord Guide og Hardanger Ferietips har i ei årrekke vore svært populære verktøy blant turistane, og 2025 har ikkje vore noko unntak. Kvart år distribuerer me fleire hundre tusen eksemplar frå lageret i Norheimsund til innfallsportar i Hardanger, medlemsbedrifter og turistkontor over heile landet.

Trass i store opplag må me trykka nye utgåver kvart år for å møta etterspurnaden. Me anslår at opp mot 400.000 turistar blar i trykksakene våre årleg, noko som understrekar at desse framleis er svært relevante for dagens reisande.

Trykksakene til Visit Hardangerfjord er meir enn berre reint informasjonsmateriell. Dei fungerer som eit verktøy for å binda Hardanger-regionen saman og inspirera turistane til å utforska fleire delar av regionen – på tvers av kommunegrenser.

Dette bidreg til lengre opphald, betre fordeling av gjester og auka verdiskaping lokalt. For oss er dette ein viktig del av arbeidet med å utvikla Hardanger som ein berekraftig og attraktiv destinasjon heile året.

Justeringar basert på faktisk bruk

I 2025 har me gjort fleire endringar i både design og struktur på trykksakene, basert på tett dialog med turistkontora og innsikt frå møte med turistane. Eit viktig grep har vore å forenkla presentasjonen av kvar kommune, med tydelegare vekt på dei mest populære aktivitetane og attraksjonane – og mindre tekst som sjeldan vert lesen.

I tillegg har me vidareutvikla det visuelle uttrykket, med tydelegare bruk av fargar og grafiske element frå profilen til Visit Hardangerfjord. Spesielt det nye designet på framsidene gjer brosjyrane meir synlege i konkurransen om merksemda, særleg på stader der mange trykksaker står side om side.

Døme på dei nye intro-sidene til kommunane i Hardangerfjord Guide.

Eit samla og langsiktig arbeid

Produksjon og distribusjon av trykksaker er eit omfattande arbeid som krev god planlegging og tett samarbeid med både kommunar, turistkontor og medlemsbedrifter. Samstundes ser me at dette arbeidet gjev effekt år etter år og at trykksakene er eit viktig supplement til den digitale marknadsføringa av Hardanger-regionen.

Last ned

Andre innlegg