B2B

Vellukka visningstur

Endeleg kunne Hardanger vise seg fram for turoperatørar igjen. Denne gongen med fokus på kultur.

1.12.21

Vellukka visningstur i Hardanger

Aktiviteten innan B2B-marknaden tek seg opp, og i sist veke fekk me besøk av turoperatørar frå forskjellige stader i Europa. I løpet av éin dag fekk dei oppleve kultur og natur inst i Hardanger. Fleire av medlemmene våre fekk besøk og moglegheita til å vise fram si beste side. Kraftmuseet var fyrste besøksstad, dei fekk lunsj på Trolltunga Hotel. Aga Sideri diska opp med smaksprøvar på sider før dei fekk omvising og middag på Agatunet. Dei fekk ei god natts søvn på Trolltunga Hotel før dei køyrde vidare til Kvinnherad og Bergen. Turoperatørane var særs begeistra for Hardanger og kulturen vår, og me er jublande glade for å kunne vise fram alt dette i samarbeid med Fjord Norge og Innovasjon Norge. Me håpar på mange visningsturar framover - slik at fleire medlemer får være med å skine.

Last ned

Andre innlegg