B2B

Vellykka visningstur gjennomført

I samarbeid med Visit Bergen gjennomførte Visit Hardangerfjord ei visningstur for viktige incoming operatørane.

4.10.19

Vellykka visningstur gjennomført

I frå 23. - 27. september var 14 turoperatørar på visningstur i Bergen og Hardanger. Deltakarane kom frå 12 forskjellige incoming operatørar som har sine baser i Oslo, København og Stockholm. Desse jobbar globalt og har kundar frå nesten heile verden, og det var ein god blanding av dei som jobbar med incentive, turistgrupper, FIT og high-end kundar.

Tema for turen var kultur & lokal mat og la vekt på å vise fram moglegheita i skuldersesongen. Ein stor takk til alle lokale leverandørar som var involvert i denne turen og som stilte opp og viste kva Hardanger har å by på! Turen vart dermed svært vellykka,og me har allereie fått mange gode og positive tilbakemeldingar frå deltakarane.

Last ned

Andre innlegg