B2B
Med over 60 individuelle møta var det ei travel men svært vellukka deltaking på STB si Kina Roadshow.
I veka 28. oktober - 01. november deltok Visit Hardangerfjord på Scandinavian Tourist Board (STB) si Kina Roadshow. Roadshowen var organisert som 3 stykk B2B Workshop med både førehandsavtalte møta og «free talk session». Workshopane vart halde i Shanghai, Guangzhou og Beijing, og totalt var det meir enn 140 forskjellige turoperatørar / agentar som var påmeldt. Roadshowen var godt organisert og det var svært god oppmøte frå turoperatør bransjen i alle byane. Til saman har Visit Hardangerfjord gjennomført meir enn 60 møta med forskjellige kontaktpersonar samt at mange fleire var innom standen for å ta med seg informasjonsmateriell og kontaktinfo.
Spesielt stor interesse var det for klassiske sightseeing programmer, soft outdoor adventure activities og fruktgard besøk / lokale matopplevingar. Generelt var dei aller fleste turoperatørane ut etter å få forslag til aktivitetar som gjer det mogeleg å kunne tilby kundane sine eit lengre opphaldt i regionen og legga inn fleire overnattingar i Hardanger. Turopplegg som også fungera om vinteren og våren er etterspurt.