B2B

Visningstur i Hardanger

Haust, frukt, kultur og natur

Hege Vedvik
12.9.22

Visningstur i Hardanger

I førre veke hadde me besøk av incoming agentar frå Skandinavia. Me fekk moglegheita til å vise fram Hardanger frå si beste side. Været var nydeleg og gjestene var særs begeistra for kva Hardanger kunne vise fram.

Fyrste dagen fekk dei sjå Steinsdalsfossen, som var litt liten grunna luksusproblemet fint vær. Det var middag og overnatting på Hardangerfjord hotel, her kom Hardangerfjord Adventure og Spildegarden for å fortelje litt om kva dei kan tilby. Dagen etter starta me på Spildegarden, der me fekk sjå pressing av epler.

Me reiste vidare til Agatunet for omvising og lunsj, noko gjestene fant fascinerande. Etterpå gjekk me over vegen for sidersmaking og omvising på Aga Sideri.

Vidare gjekk turen til Odda der me fekk ein tur med RIB-båt og så åt me middag og overnatta på Trolltunga Hotel.

Etter ei god natt søvn reiste me vidare til Eidfjord og fekk med oss Vøringsfossen. Me var også innom Norsk Natursenter Hardanger der me hadde lunsj og omvising.

Me enda opp i Ulvik der me besøkte Syse gard og fekk omvising og sidersmaking, me overnatta på Brakanes Hotel der det vart bading og middag.

Fredag føremiddag køyrde me dei til Flesland slik at dei kom seg heim til helga. Det var ein særs vellukka tur og dei gav uttrykk for at dei hadde lært mykje og at dei hadde hatt det veldig kjekt!

Last ned

Andre innlegg