Japan har mykje til felles med norske handverkstradisjonar, spesielt når det gjeld arbeid med trevirke.
Vel heime i Hardanger etter workshops i Asia hadde me visningstur med representantar frå Oslokontoret til Miki Travel. Me henta dei ved ankomst på Flesland tysdag morgon 3. februar. Der møtte me Åsmund Bakke frå Folgefonni Breførarlag som fortalde litt om isbreen og kva aktivitetar ein kan gjennomføre for turistane. Etterpå køyrde me til Norheimsund med ein stopp ved Steinsdalsfossen som eksotisk nok var heilt frosen.
Deretter hadde me lunsj om omvising på Hardanger fartøyvernsenter, der fekk dei også snakke med handverkar Peter Helland Hansen. Dette var særs interessant for dei, det var då dei fortalde om felles tradisjonar for Norge og Japan om det å arbeide med trevirke.

Etter planen skulle me reise med RIB båt (Hardangerfjord Adventure) til Hardanger Akvasenter i Fyksesund, men det var for store bølger ved Kvamsøy, så me køyrde heller bil og gjekk landgangen ut til visningssenteret, men før det fekk me omvising på Thon Hotel Sandven og reiste så vidare til Fykse, her fekk dei smake laks tilberedt på forskjellig vis. Det falt absolutt i smak! Me reiste tilbake til Øystese der dei fekk omvising på Hardangerfjord Hotel, her overnatta dei til onsdag.
Onsdag morgon reiste me vidare til Ulvik der me fekk varm drikke til omvisinga av Brakanes hotel. Her vart dei imponert over utsikta!

Deretter reiste fyrst opp til Hardanger saft og siderfabrikk og fekk omvising, dei var imponert over og viste stor interesse for tradisjonen for å lage sider. Sjølve handverket ved produksjonen likte dei godt å få vite meir om.

Deretter reiste me ned til Syse gard der me fekk omvising og lunsj. Dei var begeistra for tradisjonell norsk lunsj med lokal, kortreist mat.
Me reiste vidare til Eidfjord etter dette, der dei fekk omvising på Norsk Natursenter - dei var over seg av begeistring for naturfilmen som vart vist på 180 graders lerret.
Me hadde også omvising på Hotel Ullensvang, sjølv om det var ein "byggeplass" grunna oppussing på hotellet. Dei fekk alikevel sjå nokre ny-oppussa rom og ein del av fellesområda. Dei var særs begeistra, ein av dei hadde overnatta på hotellet tidlegare og likte det veldig godt. Til slutt køyrde me til Odda og tok inn på Trolltunga Hotel, her vart me godt motteke av Jule som også var med oss på middagen slik at ho kunne svare på spørsmål frå turoperatørane og fortelje litt om både Trolltunga Hotel og Trolltunga Active.
Etter frukost på torsdag køyrde me til Sunndal og fekk omvising i Olaløo av Inger Lise Bondhus, vidare til Rosendal og stoppa ved Furebergsfossen - som også var heilt frosen, noko dei fann eksotisk og artig.

Me køyrde vidare til Rosendal og fekk omvising og lunsj på Rosendal Fjordhotel - dei hadde fått in skrei, så her fekk me norsk tradisjonsmat til lunsj. Japanarane var begeistra for fisk og likte lunsjen særs godt. Dei likte også hotellet og beliggenheten godt.
.jpg)
Til slutt fekk me besøke Folgefonnsenteret før dei reiste med Rødne frå Rosendal til Flesland.
