B2B

Workshop- og messedeltaking

I løpet av eit år deltek me på workshops både i Europa, USA og Asia, for å marknadsføre Hardanger og våre medlemmer.

Hege Vedvik
17.10.24

Marknadsføring på workshops og messer

Årshjul for B2B-aktivitetar 2024/25:
Hardanger i front på den internasjonale reiselivsscena

EUROPA

Visit Hardangerfjord har ein fullbooka kalender for Europa i 2024/25, der me fortset å byggje sterke band med sentrale turoperatørar og media.
Gjennom digitale og fysiske møteplassar jobbar me for å setje Hardanger på kartet i Europa.

  • Nordeuropa: Digital workshop med europeiske turoperatørar gjennom Nordic Tourism Collective.
  • Nederland: Hardanger deltok på Vacantiebeurs, den store publikumsreiselivsmessa i Utrecht.
  • København: Workshop på Tivoli i samarbeid med ETOA (European Tourism Association).
  • Tyskland: Workshop i Frankfurt.
  • Sveits: Workshop i Zürich.
  • Paris: Workshop i den franske hovudstaden mars 2024.
  • Milano: Workshop mars 2024.
  • Milano: Vårt eige Hardangerfjord Event i starten av februar. Her får medlemmene høve til å møte turoperatørar og presse frå Italia.
  • London: Visit Hardangerfjord arrangerer den tradisjonsrike Hardangerfjord Luncheon, ein 40 år gammal tradisjon, der me saman med medlemmene møter turoperatørar og presse frå Storbritannia og Skottland.

Framtidsretta satsing i 2025

I 2025 vil me halde fram med eigne arrangement, som Hardangerfjord Event i Milano, Hardangerfjord Luncheon i London, og vårt nyskapande Hardanger Next. Dette gjev medlemmene eksklusive moglegheiter til å møte sentrale aktørar i reiselivsmarknaden. I tillegg deltek me på workshops i ulike land etter kva som er mest relevant for Hardanger. Statistikk syner at marknader som Frankrike, Spania og Italia er i vekst i tillegg til USA, Asia er på veg tilbake. UK og Tyskland er som alltid stabile og viktige for oss.

USA

Me deltok på Scandinavian Roadshow USA/Canada med workshops i Seattle, New York og Toronto i haust 2023, der me møter amerikanske og kanadiske turoperatørar som viser stor interesse for Hardanger.

KINA

Hausten 2024 blir me med på Scandinavian Roadshow China, med workshops i Beijing, Chengdu og Shanghai, der me tek steget vidare for å reetablere Hardanger som ein draumedestinasjon for kinesiske reisande.

NORGE

Den årlege Norwegian Travel Workshop (NTW) er ein viktig arena der me møter internasjonale turoperatørar og incoming-agentar. NTW roterer mellom ulike norske byar, og i 2025 er det Bodø som står for tur. Med 350-400 internasjonale turoperatørar er dette den største plattforma for norsk reiseliv.

Me er stolte over å ha lansert vår eigen konferanse, Hardanger Next, i 2024. Med over 80 deltakarar var dette ein stor suksess. Me gler oss til å vidareføre dette i mars 2025!

Gjennom året har me òg teke imot 9 visnings- og presseturar med deltakarar frå Europa, USA, Canada og Kina, der me har vist fram alt det fantastiske Hardanger har å tilby. Me ser fram til eit nytt år med spennande moglegheiter og fleire unike opplevingar i vakre Hardanger!

Last ned

Andre innlegg