B2B

Asia - viktig og aukande marknad

I Januar deltok me på workshops i Seoul i Sør-Korea og Osaka + Tokyo i Japan.

Hege Vedvik
9.2.26

Hardanger til Sør-Korea og Japan

Dette året starta bra med deltaking på workshops i regi av Innovasjon Norge, fyrst i Seoul, Sør-Korea, deretter i Osaka og Tokyo i Japan. Det var verkeleg stor pågang på standen vår, så interessa for Hardanger er stor. Det var også kjekt at så mange kjente til/hadde høyrt om Hardanger frå før og dei ynskja vite meir. Turoperatørane sa at det er auke i yngre klientell som ynskjer å reise til Vestlandet og Hardanger grunna naturen og flotte moglegheiter for turar. Trolltunga er velkjent for mange, i tillegg ville dei ha meir informasjon om fleire turstiar.

I 2024 var me på Roadshow i 3 ulike byar i Kina - medan me dette året deltok på 3 byar i Sør-Korea og Japan. Dette fordi Asia er ein aukande marknad for Hardanger og Vestlandet generelt. Denne gongen var hovudfokus på haust og til dels vinter, som er skuldersesongar me ynskjer å utnytte. Det dei seier de set pris på med Hardanger er stillheten, den reine og friske lufta og ikkje minst at det ikkje er for mykje folk samla på ein plass. Dei likar freden og roen i Hardanger, dette er eksklusivt for dei som lever i store byar med høgt innbyggarantal.

Utsikt frå rommet der workshp'en var

Innovasjon Norge og delegasjonen hadde fokus på skuldersesongane som haust og vinter då dei hadde innleiinga til workshop'ane. I den den norske delegasjonen var det også store selskap som ville ha meir informasjon om Hardanger og var interessert i potensielt samarbeid, til dømes Nordis, som allereie har turar til Hardanger ville ha meir informasjon og såg på moglegheiter for utviding av programmet sitt. Me møtte også representantar frå Miki Travel i alle 3 byane, og vel heime i Hardanger var eit par representantar frå kontoret i Norge på visningstur i 3 dagar gjennom heile Hardanger. Trykk her for link til informasjon om visningsturen (Miki Travel visningstur)

Me fauk vidare til Osaka der interessa for Hardanger var like stor. Kjell Ellefsen presenterte Norge og Hardanger på japansk slik at alle turopratørane fekk med seg alt. Det var drøyt 30 turopratørar som deltok i Osaka. Mange av dei var interessert i kulturen i Hardanger i tillegg til naturen. Her var dei fleste av klientane deira godt voksne og har ikkje moglegheit for å gjennomføre krevjande turar i fjellet. Interessa for kulturen var derimot stor, og dei er særs opptekne av Hardangersaum.

Frå Osaka tok me hurtigtog til Tokyo. Dette var ein makalaus by! Japanarane er særs høflege, til og med trafikken er høfleg - me høyrte ingen som tuta, alt gjekk smidig og roleg føre seg. I Tokyo var workshop'en på den norske Ambassaden.

Det er alltid stas å få være på ambassaden og oppslutninga var stor. Det kom ca 50 turoperatørar frå området, så det var ein hektisk dag. Det var også her massiv pågang på Hardanger-standen og interessa var stor for både kultur og natur. Turoperatørane har både gruppeturar (med buss) og FIT's (enkeltreisande) så det er eit breitt spekter av turistar.

Sida dei køyrer på venstre sida i trafikken i Japan er ikkje dei enkeltreisande alltid like komfortable med å leige bil, så dei brukar tid på å finne ut av offentleg transport, og gruppene har bussar med norske sjåførar. Hardanger-standen vart besøkt av store selskap som Miki Travel, Kuoni Tumlare i tillegg til mange mellomstore og mindre selskap. Asiatisk kultur er veldig ulik europeisk og norsk kultur, difor finn dei det særs spanande og eksotisk å komme på besøk til oss. Det er også uvant for dei at me ikkje er så mange folk i Norge. Japanarane var mest opptekne av kultur og museer dei kunne besøke i vårt område og dei vart positivt overraska over at me har så mange forskjellige museum å tilby, nokre av dei ville til og med ha oversikt over kva kurs musea kunne tilby. Felles for både Japan og Norge er at interessa for handverk, dette er noko både dei, og me har gjort i hundrevis av år. Dei viste også stor interesse for sider frå Hardanger og ikkje minst handverket med å produsere sideren.

Siste dagen i Tokyo møtte Yukie frå Eco Conscious Japan nokre av oss på hotellet og tok oss med på sightseeing på føremiddagen. Me hadde visningstur for henne i Hardanger i august så ho ville gjerne vise oss Tokyo til gjengjeld. Ho tok oss med til ein flott park (ei grøn lunge midt i Tokyo). Meiji Jingu parken, det var kjekt å høyre om gamle japanske skikkar og tradisjonar.

Sake tønner stabla i lange rekker

Me fekk smake tradisjonell ramen til lunsj, og fekk også sjå meir høglytte stader i byen som Takeshita Street der mange av ungdommane går kledd meir som teikneserie-figurar.

Last ned

Andre innlegg