B2C

Kraftig auke på nett og SoMe

VHF haustar gode frukter av satsinga på digital marknadsføring, sosiale medier og innhaldsproduksjon.

Sjur Vågen
19.6.19

Kraftig auke på nett og SoMe

Visit Hardangerfjord har dei siste månadane hatt eit auka fokus på digital marknadsføring, sosiale medier og innhaldsproduksjon. Det haustar me no gode frukter av.

Etter nokre år med nedgåande trafikk på nettsida, har me no klart å snu denne trenden. I skrivande stund ligg me over 19 prosent framfor tilsvarande periode i fjor i talet vitjande på heimesidene våre. Dette skuldast grep me har tatt på sidene våre, men ikkje minst den målretta jobbinga med sosiale medier. Trafikken til nettsida frå Instagram og Facebook har auka med heile 381 prosent.

Les også: Malverk gjev effekt på Instagram

På Instagram har me auka talet fylgjarar med godt over 200 prosent sidan februar. Engasjementet på innhaldet som er lagt ut, er høgare enn nokon gong. Malverket me fekk laga i vår, gjev god kjennskap til merkevara Hardanger gjennom innlegga og vidarepublisering / reposting frå andre kontoar.  

(Saka held fram under bileta)

Nokre av bileta som er publisert på Instagram og Facebook, er reposting frå andre kontoar. Men det kontinuerlege prosjektet me har med innhaldsproduksjon, gjer at me no kan skilta med eigne videoar og bilete av svært høg kvalitet. Det er ein stor fordel når andre repostar innlegga våre. Me opplever ein stor etterspurnad etter bileta og videoane våre. Dette, kombinert med malverket, gjer at innhaldet når ut til langt fleire personar enn tidligare.

Blant anna hadde Visit Hardangerfjord det mest delte og kommenterte innlegget til heile Visit Norway i april! 

Har du gode bilete og videoar du trur kunne passa på Instagram- og Facebook-kontoen vår? Send det gjerne til oss! Me tek også gjerne imot gode innspel til kva eller kva me skal laga innhald på.

Les også: Ny runde med innhaldsproduksjon

Last ned

Andre innlegg