B2C

Ny runde med innhalds-produksjon

VHF har hatt besøk av dyktige Øystein Haara og Vegard Breie. Resultatet er ein haug med gode bilete og videoar.

Sjur Vågen
17.6.19

Ny runde med innhalds-produksjon

Tidlegare i år byrja me i Visit Hardangerfjord med content marketing, eller innhaldsproduksjon som det heiter på godt norsk. Då hadde me besøk av Ben Howells i ti dagar.

Les også: Startar med innhaldsproduksjon

I mai hadde me besøk av to nye dyktige produsentar; Øystein Haara og Vegard Breie. Begge to er svært flinke og me er utruleg nøgde med resultatet.

Øystein Haara var fyrst ut og tok bilete av den tidlege bløminga, og heile dagen gjekk til å få gode, oppdaterte bilete av bløming både i Ulvik, Ullensvang og Jondal. Sjølv om me publiserte nokre av bileta til Øystein, vert dei fleste spart til marknadsføring av bløming til neste år. Me kjem også til å oppdatera nettsida og bildebanken vår med desse bileta.

Fotograf: Øystein Haara

Vegard Breie kom ei drøy veke seinare. I tillegg til å fokusera på bløming, fekk me både bilete og video av blant anna Vøringsfossen, Låtefoss og Bondhusvatnet. Noko av innhaldet er allereie publisert, medan resten vert spart til seinare i sommar og marknadsføring til neste år.

Det har vore stor interesse for dei bileta og videoane me har publisert, og dei har vorte vist fram av blant anna TV 2 og Visit Norway.

Fotograf: Vegard Breie

Har du konkrete tips og/eller ynskjer om kva innhald me skal produsera, ikkje nøl med å ta kontakt med Sjur eller Andreas. 

Sjur Vågen - sjur@hardangerfjord.com - 975 02497
Andreas Skogseth - andreas@hardangerfjord.com -926 64 894

Last ned

Andre innlegg