B2C

Marknadsfører regionen i vinterfargar

Visit Hardangerfjord har besøk av dyktige innhaldsprodusentar og influencers denne vinteren.

Sjur Vågen
28.2.20

Marknadsfører regionen i vinterfargar

Visit Hardangerfjord har dei siste månadane auka satsinga på heilårsturisme. I haust var me blant anna med på Fjord Noreg sin GoViking-kampanje, og me får nye destinasjonssider på Visit Norway med vintertema. Desse vert truleg lansert i neste veke. Me kjem til å publisera ein eigen artikkel om dette.

Les også: Aukar satsinga på heilårsturisme

Denne veka har me besøk av den dyktige influenceren Marvin Kuhr. Dette er den andre gongen den tyske fotografen, som i sommar nådde fleire millionar på Instagram, er på besøk i Hardanger-regionen. Saman med fotografen Tor Hveem frå Kvinnherad, produserer me innhald til digitale flatar for å visa kor flott det er i regionen på vinterstid. Innhaldet vert målretta annonsert mot relevante målgrupper i Noreg og europeiske storbyar med direkteruter til Bergen.    

Desse målgruppene er svært viktige for oss i Visit Hardangerfjord. Spesielt no når det er mykje usikkerheit knytt til det nye korona-viruset.

Sjølv om det berre har gått nokre dagar av opplegget med Kuhr og Hveem, har me allereie fått svært god respons på innhaldet som er publisert på Instagram- og Facebook-kontoen vår. Både i form av meldingar, men også trafikk på våre eigne vintersider. Også desse vert jobba med, og i løpet av dei neste vekene får me heilt nye landingssider med vintertema på Hardangerfjord.com.

Dette er berre nokre av tiltaka me har sett i gang. Me kjem til å publisera kontinuerlege oppdateringar på bransjesida vår når ting er klart.

Last ned

Andre innlegg