B2C

Ny runde med innhaldsproduksjon

Visit Hardangerfjord har produsert om lag 20 filmar denne hausten.

Sjur Vågen
13.11.19

Ny runde med innhaldsproduksjon

Visit Hardangerfjord held fram med satsinga og den kontinuerlege produksjonen av innhald (foto og video) frå regionen. Dei siste vekene har me, saman med den dyktige produsenten Ben Howells, produsert om lag 20 filmar med haust og vinter som fokus. Dette heng saman med den auka satsinga på berekraftig heilårsturisme.

Les også: Aukar satsinga på heilårsturisme 

Filmane og bileta skal brukast til å visa kor flott regionen er, men også å kobla saman produkt og synleggjera alt ein kan gjera her om hausten og vinteren. Innhaldsproduksjon vert stadig viktigare i marknadsføringa for å vekkja reiselyst og synleggjera alt det ulike ein kan finna på i Hardanger-regionen. Me har produsert innhald i alle kommunane som er med i Visit Hardangerfjord. 

Me har hatt sju rundar med innhaldsproduksjon sidan oppstart i mars 2019, og utan ekstra bevilgning frå Fjord Noreg og Hardangerrådet hadde ikkje dette vore mogeleg å gjennomføra. Det same kan seiast om den gode hjelpa me har fått frå ulike partnarar i regionen som har stilt opp med locations og modellar til dei ulike filmoppdraga.

Visit Hardangerfjord er svært nøgde med innhaldet og den auka merksemda me og reiselivsnæringa i Hardanger har fått på sosiale medier og nettsider som fylgje av det me har produsert. Klarar me å sikra vidare finansiering, er me ikkje i tvil om at me ynskjer å fortsetja med satsinga vår på innhaldsproduksjon i åra som kjem.

Les også: Kraftig auke på nett og sosiale medier

Følg oss gjerne på Instagram og Facebook! Der kjem me til å publisera alt innhaldet me har produsert no i 2019.  

Last ned

Andre innlegg