B2C

Sommaroppdatering frå Visit Hardangerfjord

Sommarsesongen er godt i gang, og me opplever eit uvanleg høgt aktivitetsnivå samanlikna med same periode tidlegare år.

Sjur Vågen
23.7.24

Sommaroppdatering frå VHF

Sommarsesongen er for fullt i gang, og me i Visit Hardangerfjord opplever eit uvanleg høgt aktivitetsnivå samanlikna med same periode tidlegare år. Dette tenkjer me er veldig positivt. Det er stor interesse for å feriera i Hardanger, samstundes som stadig fleire aktørar vil ta i bruk marknadsapparatet til Visit Hardangerfjord og våre samarbeidspartnarar.

Sjå her for ei kort oversikt over kva me har gjort den siste tida, samt pågåande prosjekt:

Ulike influencer-turar - mellom anna med Marvin Kuhr og Paal Friele Grung. Marvin er ein tysk influener me har jobba med fleire gongar tidlegare, men svært gode resultat. Paal Grung er ein relativt ny mat-influencer som når breitt ut i den regionale marknaden. Han var her i midten av mai, og innlegga hans har ført til fleire bookingar for dei som var med på å finansiera turen.

Me har hatt fleire rundar med innhaldsproduksjon. Noko har me gjort internt, medan andre produksjonar har nytta seg av eksterne ressursar (faste samarbeidspartnarar). Her har me vore innom mellom anna Folgefonna, Folgefonna Husky Camp, Bryllaup på Trolltunga, Gullfiskvatnet, Nestunet, Rosendal, blomstring, osv. Me held fram med ulike produksjonar gjennom sommaren.

Stadig fleire medlemsverksemder kjøper SoMe-annonser gjennom Visit Hardangerfjord, og den siste månaden har me satt i gang fleire kampanjar saman med næringa. Her har me også produsert inspirerande landingssider / scrolling essay me sender trafikken inn på. Sjå her for meir info om ulike annonsealternativ.

Desse kampanjane er fordelaktige for alle involverte partar. Me har utvikla ein modell som treff målgruppene til medlemsverksemdene våre, slik at dei får rett gjest til rett tid på ein kostnadseffektiv måte. Ein viktig del av dette arbeidet er å utvikla konsept og setja saman ulike produktpakkar, slik at turisten får oppleva eit samla tilbod i Hardanger-regionen i staden for fleire enkeltståande produkt. Eit sentralt verktøy i dette arbeidet er scrolling essay-landingssider, som kombinerer inspirasjon og informasjon på ein god måte. Erfaring viser at desse landingssidene presterer svært bra med 2-3 minutt lesetid, noko som er langt over bransjestandard.

Sjå døme på slike scrolling essay her:

Brevandring og Gourmetmat: Opplev dei store kontrastane i Hardanger
Frå fjord til fjell: Det beste Hardanger har å by på
Oppdag Hardanger: Guide til den perfekte sommarferien

I slutten av mai hadde me besøk av Visit Norway, som var her i underkant av 1 veke for å skapa blest rundt Hardanger og våre medlemsverksemder på SoMe.

Her kan du sjå ein av postane frå turen! 

Det har vore ein enorm pågang av visningsturar dei siste månadane, og Hege har gjort ein framifrå jobb med å setja saman program for å visa fram Hardanger og medlemsverksemdene våre. Me estimerer at 30-40 prosent av utanlandske gjester har kjøpt reisa si hos ein internasjonal turoperatør. Dette viser viktigheita av å oppretthalda fokuset mot B2B-marknaden, som er svært viktig for heile regionen.

Nettsida vert kontinuerleg oppdatert, og me har gjort ei rekke grep for å auka kvaliteten og opphaldstida på sida. Når det kjem til besøkstala den siste månaden, har den vore så høg at me har oppdatert serverane våre for å ta hand om all trafikken. Dei siste 90 dagane har det vore 123.000 unike brukarar innom sida. Samanlikna med same periode i fjor har me sett:

  • Organisk besøk: opp 21 %
  • Direktetrafikk: opp 96,8 %
  • Henvisningar frå andre sider: opp 29,5 %
  • Besøk frå SoMe: opp 70,1 %

Totalt betyr dette ein trafikkauke på 37,6 % samanlikna med rekordåret 2023, der me nådde 1.000.000 klikk på sida.

Me har produsert opp inspirasjonsartiklar og levert innhald til Fjord Norway sine haustkampanjar som starter august 2024. Her vil Hardanger vera godt representert mot relevante målgrupper som fokuserer på skuldersesongane i regionen. Satsinga på heilårsturisme ligg sentralt i vår marknadsstrategi, og me planlegg omfattande tiltak for komande haust og vinter.

Me har gjennomført turistkontorsamling i Kabuso. Over 40 personar frå ymse turistkontor og medlemsverksemder presenterte produkta / aktivitetane sine. Dagen vart avslutta med omvising på båten til Fjord Chartering (nytt medlem i Visit Hardangerfjord)

I tillegg til kampanjar på vegne av næringa, er me godt i gang - og vel så det - med våre eigne kampanjar. Me har kontinuerleg kampanjar retta mot ulike målgrupper - sist ut ein Schibsted-kampanje som rettar seg mot den regionale marknaden.

Me jobbar med ulike pressemeldingar for å skapa blest rundt ymse aktivitetar og hendingar i Hardanger - både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Mellom anna sendte me ut ei internasjonal pressemelding om rekordbryllaup på Trolltunga, samt ei internasjonal pressemelding om Kygo si albumlansering på Trolltunga. Her har me fått gjennomført eit eksklusivt intervju med Kygo og korleis han vert inspirert av Hardanger-naturen. Skjer det noko nytt hjå dykk? Tips oss gjerne!

Last ned

Andre innlegg