Hardanger-regionen opplever sterk vekst i reiselivet, med aukande interesse frå internasjonale marknader og fleire gjester enn nokon gong. No handlar det om å styre utviklinga klokt – slik at reiselivet bidreg til verdiskaping, gode arbeidsplassar og levande lokalsamfunn i heile Hardanger.

Reiselivet i Hardanger-regionen veks raskt, og det gjev både moglegheiter og ansvar.
Visit Hardangerfjord ynskjer at veksten skal bidra til lokal verdiskaping, fleire arbeidsplassar, sterkare lokalsamfunn og betre opplevingar for gjestene.
Strategien skal gje felles retning, slik at me brukar ressursane klokt, samarbeider betre og tek vare på både hardingane og naturen vår.
Med strategien kan me mellom anna:
Arbeidet er eigd og finansiert av kommunane Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Kvam og Kvinnherad, i samarbeid med Visit Hardangerfjord som prosjektansvarleg. Prosessen er støtta av Sparebankstiftinga Hardanger og Vestland fylkeskommune, og vert gjennomført med fagleg bistand frå Mimir AS


Hardanger har fått innvilga søknad for å bli sertifisert som Bærekraftig reisemål gjennom Innovasjon Noreg si nasjonale ordning.
Sertifiseringa inneber eit strukturert og dokumenterbart arbeid med berekraft på reisemålsnivå. Ordninga stiller krav til kartlegging, forankring, prioritering av tiltak og systematisk oppfølging over tid.
I samarbeid med Innovasjon Noreg og kommunane Eidfjord, Ulvik, Kvam og Ullensvang, skal me:
Sertifiseringa er ei ordning for heile reisemålet, og krev re-godkjenning kvart 3.år.
Arbeidet er tett kopla til utviklinga av den regionale reiselivsstrategien for Hardanger, og skal gje eit betre grunnlag for prioriteringar framover.
Strategien peikar mot eit Hardanger der reiselivet er ein positiv kraft for folk, natur og næringsliv.
Me vil utvikle eit reisemål som skapar verdiar året rundt. Eit reisemål som tek vare på naturen, landskapet og den rike kulturarven vår, samstundes som gjestene får opplevingar som er ekte og ansvarlege.
Målet er eit reiseliv som styrkjer lokalsamfunna, byggjer stoltheit og gjev grunnlag for gode liv i heile regionen.
Dette byggjer vidare på innsikta frå forprosjektet i 2022, som peika på kor avgjerande samarbeid, besøksforvaltning og lokalt eigarskap er for å utvikle Hardanger på ein berekraftig måte.


Slik ser Hardanger ut når me lukkast med visjonen og jobbar samla over tid:
Gjennom samtalar, medverknad frå hardingane og strategiarbeid skal me saman forme den visjonen som blir ryggrada i reiselivsstrategien for Hardanger-regionen.
Styringsgruppa for reiselivsstrategien for Hardanger skal sikre retning, forankring og framdrift i arbeidet. Den representerer både kommunane og reiselivsnæringa– og skal sørgje for at strategien blir forankra breitt og skapar verdi for heile regionen.

Bak arbeidet med reiselivsstrategien står eit engasjert team frå Visit Hardangerfjord, kommunane i Hardanger og Vestland Fylkeskommune.
Visit Hardangerfjord
Visit Hardangerfjord v/Andreas Skogseth har det overordna ansvaret for prosessen. Prosjektleiar Margit Lund-Mikkelson koordinerar arbeidet i tett dialog med styringsgruppa, kommunane og reiselivsnæringa.
Samarbeidspartnarar
Strategiarbeidet skjer i tett samarbeid med kommunane og Vestland Fylkeskommune, som bidreg med fagleg støtt, metode og innsikt gjennom heile prosessen.
Ekstern fasilitator
Mimir AS ved Torill Olsson, er ekstern fasilitator i prosessen.
Torill har brei erfaring frå reiselivsutvikling, berekraft og strategiprosessar, og var sentral i arbeidet med Nasjonal reiselivsstrategi 2030 og utviklinga av merkeordninga Berekraftig reisemål.
Har du spørsmål eller innspel til arbeidet med reiselivsstrategien.
Ta gjerne kontakt på margit@hardangerfjord.com
Her kan du dele dine meiningar, tankar og innspel om korleis reiselivet påverkar bygda di. Kva som fungerer, kva som er utfordrande og kva du meiner me bør satse på framover. Innspela dine vert ein sentral og viktig del av grunnlaget for vidare arbeid med strategien.